Parkerte ikoner

ved Fridtjov Urdal

Morten Gran syner oss bilen som draum og attrå. Det vil seie, det er ikkje kva som helst slags bil, det er amerikanarar. Ein stor og brei amerikanar. Dette sjølve inngrepet av draumen om bilen. Det var BILEN, same om den var på vegen eller i leikekassa. Det store stålskroget av ein Chrysler står der tungt og vemodig, som eit skip i opplag. Det er eit drag av vemod og lengt i desse bileta av bilar og motorsyklar. Ein poesi med rust, og os av bensin og olje. Draumen om skyskraparar og avenyar. "On the road” (?),draumen om den uendelege rette asfalt stripa, ut mot ein stendig vikande horisont. Penselen er eit kjærteiken over dei lakka flatene, over krom, nikkel, lukt av plast og gammalt lær.


Om det skulle vera ein samnemnar mellom desse to kunstnarane og arbeida deira, så lyt det vera: nostalgi, ein litt mollstemt romantikk. Eit sakn over det som vert borte, eller kan hende aldri har funnest.